Om Gaute

Utskriftsvenleg
versjon
D
ykkar vyrde forfattar vart fødd i 1973, og på dei 26 åra som har gått sidan det, har eg blitt til ein hengslete, vasete, venstre-radikal, reiseglad, desillusjonert livsnytar, som har lett for å læra, læra frå seg, snakka høgt, bruka timesvis foran skjermen, og andre usømelege ting. Eg har hatt eit tildels mangslunge liv, der litt folkehøgskule, ymse jobbar, ein del reising, og eit halvhjerta og knapt halvferdig universitetsstudium er ein del av ingrediensane.

Dei siste tre åra har eg undervist på Kvinnherad Vidaregåande Skule (KVV), for det meste i matematikk og naturfag. Men no var eg lei av litt av kvart, slutta i sommar, og reiste frå jobbing, stress, VeGe, EnnErrKå, Dagbla' (statsorgana), Krigersk Hykleriparti, polprisar, Kjell Magne Bombevik, Knut Voldeligbæk (kva av statsorgana fortel at dei er innklagd for FN sin domstol for krigsforbrytarar?), val-vas, Terje Svabø, turbokapitalisme, lokalpolitikk, miljøvaldtekt osb. osb. osb. Eg for i godt selskap: Kenneth Korsvold, Anne Thomassen, Lillian Sivertsen og Linda Espedal.

Viss du vil lesa meir om korleis eg har det her nede, kan du kikka på bilete eller i reisedagboka vår.