I alle år har folk mast: "Kvifor har ikkje du ei heimeside då, Gaute?"
Eventuelt har dei gjort narr av dei minimalistiske sakene som har
lege ute. "Vel," seier alltid eg, "eg tykkjer ikkje noko om dei der
her-er-eg-dette-er-meg-sjølvdiggar-sakene. Folk får laga seg websider
om dei har noko å melda. Eg tykkjer ikkje eg har noko på hjarta som
er så fantastisk at eg vil prakka det på heile verda."
Vel, no har kanskje det endra seg - litt. Ikkje sånn å forstå at dette
er så fantastisk. Og ja, dette er jo minst like narsissistisk som noko. Men desse sidene
vert min måte å halda litt kontakt med gamlelandet.
Her kan du lesa litt om forfattaren, du kan lesa
i reisedagboka mi, eg legg ut bilete
og det er mogleg å koma i kontakt med meg og dei andre. Dessutan skriv Kenneth på ei
bok som vi legg ut kapittel for kapittel.
Oppdateringar
Nest siste oppføring i dagboka er på plass, og idag dreg eg heim!
Og det vart den siste. Eg er Mexico, dagboka er oppdatert,
og har byrja på eit nytt kapittel - det siste.
Kanskje siste dagbok-oppdatering i Guatemala.
Ny, lita oppdatering av dagboka.
Den var kjapp! Den som les dagboka, skjønar kvifor. Og dessutan er endeleg resten av
boka til Kenneth på plass! Den heiter ikkje lenger Boka Som Enno Ikkje Har Ein Tittel, men Boka Som Aldri Kjem Til Å Få Ein Tittel.
Ny treeeg dakbokoppdatering. Det er lite internettcaféar i San Lucas Tolimán.
Oppdatert dagboka - det er vel det lengste intervallet så langt.
Oppdatert dagboka, og lagt inn masse nye bilete, omsider. Kenneth-boka fekk eg ikkje! Han skulle
reinskriva den, men kom aldri så langt. Får vona han orkar å senda den per e-post.
Ny dagbok-oppdatering. Eg har fått resten av boka til Kenneth - ho kjem neste gong.
Ei ny lita dagbok-oppdatering. Har fått kontakt med Kenneth, og legg om ruta for å helsa
på han. Les meir i dagboka.
Ei lita dagbok-oppdatering. Dessutan oppdaga eg at førre oppføring var skjemma av feil,
rot og forsvunne setningar. Retta. Elles til dei som bruker e-mail-express og ICQ-skjemaet på kontakt-sida: Dei meldingane er avgrensa til 450 teikn.
Resten vert kutta. Kva angå bileta eg har samla opp, har eg enno ikkje funne ein nettstad som både held krav til utstyr og låg pris. Men
dei kjem.
Eg er i Guatemala! Massiv dagbok-oppdatering er på plass. Eg har masse nye bilete, men dei kjem
neppe opp fø eg kjem sørpå - netting er dyrt her. Å lesa og svara på oppsamla e-post, og skriva i dagboka, har kosta meg meir
enn fire gonger prisen for dei to hotellnettene eg har hatt i Guatemala til no.
Dagbok-oppdatering.
Massiv oppdatering! Av dagboka, masse nye bilete, og meir politisk stoff - sjå dagboka.
Ei lita dagbok-oppdatering.
Dagboka oppdatert 13.10. og idag. Og eg har møtt att Anne og
Linda! Dessutan har eg lagt inn fleire gode kart over Mexico i reisedagboka.
Endeleg fekk eg ut nye oppdateringar. Mykje nytt i dagboka.
Og dessutan masse nye bilete!
Ved forrige oppdatering hadde eg ikkje satt filrettane riktig... ("You don't have access to...") sukk... "chmod 644 *.*"... men eg fekk i alle
fall fiksa det etter eit par dagar. Har dessutan skrive i dagboka fleire gonger,
men har ikkje fått det ut på sol.no - delvis pga. tekniske problemer her, delvis pga.
sol.no har vore nede.
Ei siste lita oppdatering av dagboka før eg forlet Isla
Mujeres.
Mykje nytt - engelsk side, oppdatert
dagbok, men først og framst: Dei første bileta! Hurra!
Anne og Linda reiste herifrå før dei fekk skrive til
dagboka. Eg har gjort det sjølv - det er mykje å lesa. I morgon kjem kanskje dei
første bileta. Eg har oppdatert kontakt-infoen til også å innhelda
mykje info og verkty for å kontakta meg via ICQ. Dessutan har eg laga utskriftsvenlege versjonar av alle sidene.
Har laga ei ny side. Kenneth har byrja skrive bok, og vi legg
ho ut her, kapittel for kapittel. Dessutan held Linda og Anne på med neste kapittel i
dagboka. De får nok det i morgon. Og Lillian har
bursdag i dag - hurra!
Små oppdateringar av sidestruktur og layout. No er det innhald
å finna i delene om forfattaren og det som skjer.
Flikka litt på sakene igjen. Sidestruktur og layout er stort sett
klart no.
No sit eg på internettkafé i Oslo
puslar - det var her i byen eg brått fann ut at noko måtte skje. Strengt tatt:
Eg kjeda meg i påvente av EU-konferanse ("Nei 2000") som skal byrja kl. 17. Tone
(kjærasten til Per Harald) kom nettopp innom - eg skal sikkert helsa alle kjende.
Men no må eg avslutta - så dette vert liggjande ute svært uferdig. Jaja.
folk har kikka på desse sidene sidan
28.9.99. Og det gjer du best med i 800x600 punkters oppløysing.
|