Reisedagbok - andre kapittel

Utskriftsvenleg
versjon
Alt står i kronologisk rekkjefølgje, og denne linken tek deg til siste oppføring, nederst på siste side.

Innhald

Første kapittel - kart, og dagbok 25.9.-12.10. (Isla Mujeres, og nordre Yucatán)
Andre kapittel - dagbok 13.10.-2.11. (San Cristóbal de Las Casas, Palenque, Lacandon-jungelen og ut av Mexico.)
Tredje kapittel - dagbok 2.11.-6.1. (Flores/Tikal, Finca Ixobel, Antigua, Finca Santa Ínes, Lago de Atitlán, høglandet og ut av Guatemala.)
Fjerde kapittel - dagbok 7.1.-19.1 (San Cristóbal, Zipolite, Mexico D.F. og heim.)

13.10.
Ah, store nyhende: Igår kom eg tidleg til San Cristóbal med nattbussen, og skreiv til Anne og Linda at eg var i byen, og kor dei kunne møta meg om kvelden. Dei fekk mailen, men Anne fann ikkje restauranten... og ho er den som skal vera kjent i byen... Så i dag sat eg her og las e-post med svinnande håp, for å sjå om dei hadde skrive noko til meg. Og inn kjem dei, nedlasta med sekkar og saker - for å skriva epost til meg... Gjensynsgleda var stor og vakte mykje humring i nettcaféen. Vi var skjønt einige om at vi måtte skilja lag oftare, det var jo så overstrøymande morosamt å møtast att.

Vi har no teke inn på verdas nydelegaste gjestehus, drive av homseparet Alfonso og Rodolfo. Store, luftige rom, felleshage, felleskjøken, fellesstove med musikkanlegg og hengeøyer, fellesbalkong på taket, Alfonso lagar frukost til alle - og dei heile til 25 spenn natta. Dei andre som bur der for tida virkar svært hyggjelege òg, frå alle verdshjørner.

Litt om kva som har skjedd dei andre må vi òg ha med: Anne, Linda og Lillian har ganske enkelt vore i Tulum og kost seg. Dei traff masse unge, meksikanske artesános, kunstarar, m.a. ein gammal kjenning av Anne, Israel. Etterkvart kom altså Kenneth nedover, og hadde med seg fleire av israelarane vi vart kjende med på Isla Mujeres. Dei skulle til Guatemala, Kenneth hang seg på, og då vart Lillian òg med. Det er ganske enkelt det.

Anne og Linda ventar på Mario, ein av kunstarane, og skal etterkvart bli med han oppover til Mexico City og Michuacán, eit fylke på høglandet vest for Mexico City. I mellomtida skal vi kosa oss her i Chiapas.

- gaute

17.10.
Ei lita oppdatering. Ikkje at det har skjedd så mykje, vi er berre i San Cristóbal og kosar oss. Eg får skikkeleg Hotel California-feelingen her; "...you can check out any time you like, but you can never leave...". Her er så fint at eg kjem meg neppe vidare med det aller første. Eg har ein del eg vil sjå og gjera ikring San Cristóbal, og så dreg eg oppover til Palenque, og vidare derifrå til Guatemala.

Det militære nærværet er imidlertid massivt i San Cristóbal. Soldatar overalt, to til fem i lag, med skarpladde autmatvåpen og full stridsutrustning.

For dei som ikkje er kjende med situasjonen i Chiapas: Opprørsrørla EZLN (Ejército Zapatista de Liberación Nacional, også kalla zapatistane) okkuperte San Cristóbal 1. januar 1994, med krav om sosiale reformer, jord til dei fattige m.v. Folk i Chiapas er jamt over fattige, her er større del indianarar enn i nokon annan del av Mexico, og jorda er samla på få hender. Hæren gjekk inn og jaga zapatistane inn i Lacandon-jungelen. Dette var den første gongen internett fekk stor politisk tyding: Zapatistane var heilt ukjende i verdssamfunnet, men kunne via nettsida si, ¡Ya Basta!, nå ut med sitt syn og sin versjon. Dette førte til stor internasjonal merksemd, sympati og støtte. Våpenkvile vart inngått, og under internasjonalt press måtte den meksikanske staten gå i forhandlingar med opprørarane. Ein har kome til fleire avtalar, men staten overheld dei ikkje, og har tvert imot forsøkt å gå inn i jungelen og arrestera leiarane. Særleg den legendariske sjefen Subcommandante Marcos er dei sugne på. Fortsatt gøymer zapatistane seg i Lacandon-jungelen mot grensa til Guatemala. For dei som vil lesa meir (og det bør alle, i alle fall dei to første artiklane!):

Stemninga er litt spent i byen no - det er presidentval i Mexico 7. november, og det kan bli eit svært interessant val: Presidenten har stor makt i Mexico, og landet har vore styrt eineveldig av partiet PRI sidan mellomkrigstida. Statsapparatet er korrupt, og vala har vore prega av fusk i alle år. Ein president sit i seks å, og kan ikkje t attval, men peiker etter tradisjonen ut ein etterfølgjar frå partiet. Denne kandidaten har vunne utan unntak sidan 1932. Særleg dei to siste vala har vore "skitne", men etter valet i 1994 innleia den då nye (og fortatt sitjande) presidenten, Ernesto Zedillo, ei demokratisering. M.a. vart det oppretta eit uavhengig utval til å organisera vala, til erstatning for det PRI-korrupte statlege utvalet som til då hadde hatt desse oppgåvene. Lokal- og delstatsvalet i 1997 vart det "reinaste" valet nokonsinne, og PRI mista makta i mange byar og kommunar.

Soleis er det stor spaning knytt til valet. I Valladolid var eg på valmøte med Labastida, den PRI-kandidaten som Zedillo har peikt ut. Her i Chiapas oppmodar EZLN folk til å boikotta valet. Litt kjedeleg å forlata landet nett no, men, men...

Dei andre: Anne og Linda dreg som planlagt til Michuacán, sannsynlegvis i morgon. Eg fekk e-post frå Kenneth for nokre dagar sidan. Han og Lillian var då i Antigua i Guatemala og hadde det fint. Han hadde eit par kapittel ferdige til boka. Vi får vona at han somlar seg til å e-posta dei til meg.

- gaute

19.10.
Ah, for ein dag! Linda og Anne er reist, men det er kome masse nye folk til Qhia, draume-gjestehuset. Johanna, Sven, Tim, Anne-Greta og Sophia frå Tyskland, Michal frå Israel og Tino frå Frankrike er blant dei eg har vore mykje med. Elles er her eit par engelskmenn, eit par italienarar, tre-fire andre israelarar, ei japanerinne, eit par andre franskmenn osv. Her vert ein ikkje einsam.

I dag var eg, Tim, Anne-Greta, Sophia og Michal i Cañyon del Sumidero, mellom San Cristóbal og Tuxla Guiterres. "...I said goddamn what a rush!" Langs botnen av ei 30 km lang kløft, med fjell opptil tusen meter høge, loddrette på kvar side - i førti knops fart i open båt, med raude, heite chilipeprar bankande blod, sukker, sex og magi i øyrene mine. Og vi stoppa fleire plassar for å beundra vegetasjon, fugle- og dyreliv. Det er eit kick å ta bilete av ein tre meters krokodille - på tre meters hald. Vi tok båten inn i grotter, ah, berre vent til bileta kjem.

- gaute

25.10.
Ah, mykje har skjedd - eller lite, alt etter som. Eg er framleis på Qhia, det er framleis det beste gjestehuset i verda, og eg storkosar meg framleis i San Cristóbal. Her er folk som kjem og går, men Simon og Charlie frå England, Rodolfo frå Argentina, Henrico, Elis, Christiano og Marco frå Italia, Nir, Dan og Liat frå Israel, Julie og Stephanie frå Boston, MA må nemnast.

I forrige veke laga dei galne italienarane våre, Christiano og Marco, pasta og div. sausar til alle mann, og me hadde ein kjempefest på Qhia. Det vert elles ein del fellesmiddagar her, på det velutstyrte kjøkenet. Økonomisk og sosialt. I kveld er det Dan og Liat som står for maten.

I helga var eg, Michal, Nani og Hadas (også frå Israel) på ein todagars tur til Lagos de Montebello, ein nasjonalpark heilt aust i Chiapas, på grensa til Guatemala. Det regna heile tida - men turen var fin allikevel. Særleg av di topografi og fauna (parken ligg 1500-2000 m.o.h.), saman med vêret, minnar mykje om Vestlandet!

Vi var på guida tur rundt om i "indianarlandsbyar" ikring San Cristóbal (verkeleg småbyar med fleire tusen innbyggjar spreidde utover). Her hadde vi ein verkeleg god og kunnskapsrik guide, som sjølv er Tzotzil-indianar. Tzotzil-indianarane i San Juan Chamula var spesielt interessante: Det einaste sporet av meksikanske styresmakter, var presten som allernådigst fekk sleppa til for å døypa ungar nokre gonger i månaden. Ingen andre katolske sakrament vart overhalde. Religionen deira er ein saleg blanding av tradisjonell maya-mytologi og katolisisme, der kristendommen måtte finna seg i å spela andrefiolin. Mayaenes solgud og regngud er dei viktigaste, og dei meiner t.d. at Jesus stod opp frå dei døde og vart sola. I kyrkja var det ingen bord eller benkjer. Folk tok seg til rette på golvet, og knelte, bad, messa, åt, sov, ofra (særleg fjørkre og lys i ulike fargar) osv. Presten, som var der for ein runde med døyping, var forvist til eit hjørne ved døra. Utanfor og i kyrkja var det maya-kors, som i motsetnad til det kristne symboliserer livstre og dei fire, heilage himmelretingane. Det kristne krusifikset var omtrent like bortgøymt som presten, men det aula med statuar av katolske helgenar - som ein skrifta til.

Diverre medførte fotografering i kyrkja bank, fengselstraff og bøter. Det var ein heil del slike "dos and don'ts" som gjorde at guiden var til uvurderleg hjelp. Dei hadde sin eigen politistyrke, og domstolen besto av landsbyens "religiøse leiarar", som guiden kalte dei, i fargerike drakter. Dei sat i halvsirkel i byens marknadsplass, til disposisjon. Fleire tvistemål vart avgjort medan me var der. Men retten var like forboden å fotografera som kyrkja.

Mayaindianarar flest vil helst ikkje bli teke bilete av. Dei meiner, som mange andre indianarar, at det tek ein bit av sjela deira (og dei har kanskje rett). Mange ungar vil la seg ta bilete av mot litt småpengar, men det avstår eg fra, all den eg då kjøper sjela deira.

Elles, for dei som ikkje har få nok politisk stoff:

  • Ein kort gjennomgang av kva EZLN er. Obligatorisk for dei som føler seg heilt forvirra.
  • Omsider: EZLN si erklæring frå 1993, då opprøret byrja.
  • For informasjon om kva som har skjedd sidan 1994: LADB, Latin America Data Base, har ei nyhendetjeneste som er bra. Klikk her for å få lista opp alle meldingar/artiklar som dreier seg om Chiapas eller EZLN, publisert f.o.m. 1994.

I morgon dreg eg til Palenque med israelarane Dan, Liat og Michal. Deretter vil eg kanskje freista lukka i EZLN-land: Lacandon-jungelen. Deretter vert det Guatemala.

- gaute

28.10.
...og vi skriv igjen. Eg vil gjerne seia litt meir om indianarane i San Juan Chamula og omland før eg slepp heilt taket i dei. For det første: Dei drikk fælt mykje. For å "halda varmen", for å gløyma fattigdom og vonløyse, men òg som del av ymse religiøse seremoniar. Det går i posh, eit sterkt, men reint brennevin av sukkerrøyr. Me var der i ti-tolv-tida om føremiddagen, og fulle folk gjekk, stod, krøyp og låg alle vegar.

Desse indianarane har tradisjonelt vore blant dei som har gjort sterkast motstand mot meksikanifisering, noko den lokale presten fekk merka under eit opprør i 1869, bokstaveleg tala i form av ein einvegsbillett til Faderen litt snarare enn presten hadde planlagt, vil eg tru. Dette kan vera ein del av grunnen til at prestane framleis nøyer seg med samlebandsdåp eit par-tre gonger i månaden.

Men no har meksikanske styresmakter, særleg etter 1994, funne meir effektive måtar å halda dei nede på: Billeg posh, litt jord, litt subsidier og ymse småleg økonomisk støtte, eigen kommersiell radiokanal i Chiapas, og eit massivt nærvær av Coca-Cola og Pepsi. Aldri har eg sett så mykje reklame for nemnde drykkjar per kvadratmeter. Heile hus var dekorerte, skilt og plakatar overalt, noko konserna (såklart) betalar med småpengar. Indianarane drakk Cola og Pepsi, tildels saman med posh, heile tida, særleg i kyrkja: Dei meiner at raping forløyser såvel sjel som lekam. I mellomtida utvidar Cola og Pepsi marknadene sine. Dette er korkje det einaste eller det verste dømet på desse konserna si viktige rolle i utvisking og vestleggjering av dei gjenverande urfolka i verda.

Nok om dagens indianarar - over til fortida: Til Palenque fekk eg med meg danske Karin, forutan dei nemnde israelarane. Vi tok inn i hytter hjå El Pan-Chan, rett utanfor Palenque-ruinane, idyllisk til midt i jungelen. Der traff vi Amichai, også israelar, i tildels sjølvbygd og omfattande utstyrt Volkswagen-kasse-bobil. Igår for vi til ruinane. Der var det slike hordar av (særleg franske og tyske) turistar, av den aller teitaste sorten, i kø for å ta japanarbilete. (Japanarbilete: Gje kameraet ditt til ein medturist eller tilfeldig forbipasserande, still deg opp foran ein "severdighet", posér på ein slik måte at alle skjønar at du er komplett idiot, og fokuser biletet på deg og ikkje "severdigheten".) Og der var eit gnål og ei roping og kauking som trua med å driva meg til alvorlege fysiske overgrep - ikkje heilt slik eg vil oppleva og nyta Maya-indianarane sine gamle, etterlatte byar. Sjølv dei fire andre hadde eg snart rista av meg. Eg haldt ut i over ein time, før eg stakk av til El Templo del Jaguar, som ligg såvidt inni jungelen, utanfor det Palenque som er utgravd til no. Der var det endå eit par tyskarar, og då eg gjekk litt vidare inn i jungelen for diskré å ta eit piss, tenkte eg: Kva om eg berre fortset?

Som tenkt så gjort. Der var ein lett farbar, men gjørmete sti, så det var ingen risk for å gå seg vill. Eg traff på tre-fire andre som openbart hadde fått same idé, deriblant Amichai - litt skuffande. Men litt oppi lia (det gjekk jamnt oppetter), traff eg på ein meksikanar eg kunne spørja ut. Jau, der var ein landsby over haugen, der var ei elv og ein foss der ein kunne ta seg eit bad, og nei, det var ingen fare for ran eller farlege dyr. Han anslo det til å vera ein times gange, ein halvtime om han gjekk fort. No skal ein aldri ta meksikanarane for alvorleg når det gjeld slike anslag, men eg ville no i alle fall koma meg litt unna. Eg vart gåande i ein time, utan å finna det for godt å, snu, og det einaste selskapet eg hadde var ein flokk apekattar eg skremte opp, og som så følgde meg eit stykke i tretoppane. Stien var OK, og temperaturen komfortabel under dei enorme trea. Det flata ut, og etterkvart endra vegetasjonen karakter til det tettaste jungel-buskas: Skogen hadde openbart vore hogd nokre år før. Stien snodde seg tildels som ein tunell gjennom krattet. Brått opna det seg i ein maisåker midt i krattet, og eg såg utover ein vidunderleg dal. Eit par bønder på maisåkeren kunne stadfesta at det var ein landsby i botnen av dalen. Eg tråkla meg nedover ein glatt og bratt sti, tok feil eit par stader, men traff heldigvis på ein kar som stolpra seg gjennom jungelen med eit dørblad på hovudet. Han geleida meg på rett veg, og var veldig gira på å vita kva klokker kosta i Noreg. Prisen på den vasstette Casio-plastikken min var såklart eit stort sjokk, men han humpa vidare oppover lia med døra si. Eg gjekk det siste stykket ned til landsbyen, der eg vakte stor åtgaum.

Eg gjekk til første og beste hus og spurde etter kor eg kunne eta. Kona såg litt lattermildt på meg og sa at om eg spytta i kassa så kunne ho alltids laga noko mat til meg. Eg takka ja, gav ho femten pesos (tolv kroner), og satt meg i "stova", omringa av ungar som var veldig sjenerte i veldig få minutt. Vi leika så det nesten gjekk på helsa laus. På førespurnad gav eg fra meg det eg kunne avsjå av pennar og blyantar, noko som viste seg svært populært. Under maten fekk eg vita at det var stadige colectivo'ar (minibuss e.l.) til Palenque, og at det sikkert kom ein "snart". På spørsmål om kor lang tid det ville ta til Palenque, fekk eg svar som sprikte frå førti minutt til to timar.

Etter maten følgde ungane meg til "bussen", som faktisk dukka opp ganske raskt - flaks. Den viste seg vera ein enorm pick-up, med "tak" over lasteplanet i form av presenning spent over eit rammeverk av stålrøyr. Dette skulle visa seg svært funksjonelt. Grusvegen var det mest hårreisande eg har sett: til tider ekstremt bratt opp og ned, til tider nokre vanvittige hårnålssvingar, og elles tilsynelatande uframkomeleg no i slutten i regntida. Men den svære bilen skumpa seg fram i tjue-tredve på det raskaste, og folk hadde stålramene å halda seg i. Den einste kritiske situasjonen kom då sjåføren freista køyra under eit felt tre som stakk inn over vegen. Han kom ikkje under, treet kilte seg inn i stålgrinda bak. Som den einaste som var høg nok klatra eg ut på utsida av pick-up'en, sjåføren klatra opp på "taket", og saman greide vi å løfta opp treet og benda det til sides. Eg haldt så treet unna bilen, medan eg balanserte så bakover langs utsida av pickupen etterkvart som sjåføren køyrte framover - og eg hoppa inn bak i det vi kom klar av treet. Stor jubel. Fleire større hindringar var det ikkje, og vi kom til Palenque etter to timars tur gjennom øydemarka, ein tur som gjekk gjennom fantastisk landskap. Eg hoppa over på ein annan colectivo, kom meg ut til ruinane att, der det no var nesten folketomt, halvannan time før stengetid. Då eg kom til El Pan-Chan att, hadde dei andre teke forsvinningsnummeret mitt ganske med ro.

I dag for alle dei andre: Israelarane til Yucatán, og Karin til Mexico City for å dra heim til Danmark. Eg har flytta inn til Palenque by, og i morgon skal eg freista lukka i Lacandon-jungelen, nærare bestemt til landsbyen Lacanja. Derifrå dreg eg til Flores i Guatemala.

Eg fekk forresten mail frå Kenneth i dag. Ufullstendig som vanleg, men han jobbar på ein gard "oppe i fjella på sida av Guatemala City". Lilian var der nokre dagar, men ho har reist til "ein eller annan plass i landet". Gardsturisme er gammalt nytt i Guatemala, vanlegvis med mykje meir fellesskap enn den norske varianten, og ein kan ofte bu gratis eller billegare mot å hjelpa til. Eg går utifrå at det er noko slikt Kenneth snakkar om.

Denne e-posten hans, og fleire spørsmål om frå Noreg om korleis det går med dei andre, fekk meg til å skriva til dei - og jaggu fekk eg ikkje svar av både Anne og Lillian nesten med det same! Anne og Linda har vore ei stund i Mexico City, og er no komen til den lille landsbyen Pázcuaro, vest for Mexico City. (For dei som vil kikka på kartet ligg Pázcuaro ca. 35 km sørvest for Morelia.) 1.-2. november er det Día de los Muertos, Dei Dødes Dag, som vert feira over heile Mexico, men feiringane i Pázcuaro skal vera dei mest imponerande. Og der hadde Anne og Linda forrekna seg, thi der var ikke Rum for dem i Herberget. Byen var stappa full med tilreisande frå heile landet. Men dei har visst fått ordna seg.

Lillian skreiv at ho er i Panajachel (ved Lago Atitlán, vest for Guatemala), dreg imorgon til Todo Santos for feiringa der, heng ihop med "tre andre", og "har det bra".

- gaute

4.11.
Endeleg, hæ? Eg tok ein dag til i Palenque, og for ut til Misol-Ha-fossen. Nydeleg. Dagen etter, 30. (Harald sin bursdag - gratulerer igjen!), for eg til Lacanja. To busstimar til eit vegkryss, for så å haika dei sju kilometrane til Lacanja. Eg fekk ikkje haik, det var litt seint på dagen, men det var ein fin spasertur.

I Lacanja har ein kar ved namn Kimbor starta eit enkelt overnattingsopplegg. Du kan rigga opp hengekøye eller telt, eller sova i ei stilig hytte, på madrass eller i hengekøye. Familien er kjempehyggelege. Mat får du når det passar deg og dei. Dei går for det meste i tradisjonelle Lacandon-indianar-klede, og har håret på tradisjonelt vis. Blant andre maya-folk er det særleg uvanleg at menna held på tradisjonell klesdrakt og utsjånad.

For Lacandon-menn vil det seia at håret vert grodd langt, nokon gonger med rett pannelugg, og alltid utslått. Dei går med nokre kjortlar som berre er to store, kvite tystykke sydd saman langs tre sider, med opning for armane oppe i kvart hjørne, og for hovudet midt på toppen (såklart...). Praktisk i det varme og fuktige klimaet. Kvinnene går med mørke skjørt og huipiles, bluser. Lacandonfolket er likevel i endring, etter å ha levd ganske isolert opp til 60-70-talet. No veklsar mange menn mellom trad. kjortel og bukser/t-skjorte, og mange unge klyppar håret kort og går berre i vestlege klede. Inntrykket er likevel at Lacandon-folket endrar seg i større grad på eigne premiss enn andre urfolk.

Lacandon-indianarar utgjer også mykje av kjerna i EZLN, medan dei fleste av dei andre var viktige støttespelarar. Eg vart fortalt korleis folk i Lacanja leidde esel lasta med mat og utstyr til bestemte stader i jungelen, korpå esela kom attende - "mystisk" nok utan oppakning. Dersom nokon øvrigheitspersonar lurte, var eselet brått ingen sitt. I dag derimot, viss du spør folk i Lacanja om EZLN eller liknande, svarar dei lettare hektisk at nei, her er det tranquíl (roleg), og at la guerra (krigen) er ved grensa. Ikkje så rart, som ein snart vil forstå.

Ein ung kar som budde med dei tok meg neste dag med på tur i jungelen, m.a. til nokre uutgravde mayaruinar og ein foss. Men turen var det beste, han peika og forklarte om planter og dyr - vi såg jaguar-spor! Elles slappa eg av, leste, bada i elva, og småprata med familien (byrjar få litt taket på enkel spansk).

Pancho, Kimbor sin femårige son, imponerte stort då Kimbor ein dag ba han kappa ned eit tre på gårdsplassen. Treet var tre-fire meter høgt, og med stamme tjukkare enn låret mitt. Utstyrt med ein machete like lang som han sjølv, felte Pancho det på tre-fire minutt...

Morsomme var og dei to tamme spider monkey'ane (edderkoppaper?). Dei var mykje bundne medan familien laga mat (ute), men fekk alltid gå omkring som dei ville om kvelden. Til natta hoppa alltid den eine opp på ryggen til ein av hundane, og la seg til å sova der. Hunden traska fredeleg omkring med den sovanda apa på ryggen til den sjølv gjekk til ro. Om morgonen fann ein dei sovande slik, ilag.

Same kveld fekk eg selskap av eit italiensk par, og seinare ein svær gjeng støaynde nederlendarar, som hadde med seg ein heil bar, om lag. Til å byrja med irriterte nederlendarane meg grenselaust, men etterkvart som dei tødde opp, tok kontakt, og byrja spandera saker og ting, tødde eg òg opp. Vi hadde det artig, men dei for heldigvis neste dag.

Italienarane hadde vore ved mayaruinane i Yaxchilan, som dei tilrådde på det varmaste. For å koma dit dreg ein til landsbyen Frontera Corozal og tek båt derifrå, langs grenseelva til Guatemala, Rio Usumacinta. Dei skulle sjølv bli plukka opp neste dag (det vert 1.11.), for å dra til Frontera Corozal og ta båt til Guatemala. Dei meinte eg sikkert kunne sitja på. Det skar seg - bilen var full - men sjåføren fiksa meg haik med politieskorten deira! I austlege Chiapas er det nemleg slik at alle "chartra" turistbussar får politi-eskorte. Og det er slik dei fleste turistar passerer, til Bonampak/Yaxchilan, eller til Guatemala. Eg kunne frå passasjersetet kikka ned på snuten sin pistol - ladd, og med hanen spent... Kvifor dei gjer det, er jo lett å forstå: For å kontrollera kor turistar dreg og kva dei ser i provinsen. EZLN ville aldri gå til åtak på sivile eller turistar - det ville vera poltisk sjølvmord for ei lita gruppe som har mykje sympati i verdsopinionen. Og dessutan ville det vore faktisk sjølvmord:

For eg trudde det var mykje snut og soldatar i og ikring San Cristóbal... Aust i delstaten er det rett og slett uvirkeleg. Enorme mengder tungt utrusta soldatar køyrer hit og dit, med hjelmar, skotsikre vestar, kamo-utstyr, amerikanske automatvåpen og gjerne nokre hand- og tåregassgranatar i beltet. På strategiske punkt som inn- og utfartsårer til småbyar, riksvegkryss osv., er det militære kontrollpostar. Alle køyrety vert stansa, og spikermattene ligg klare. Føraren må ut, vert kroppsvisitert, før han må identifisera seg og oppgje opphavsstad og mål for køyringa. Dette vert protokollført, før all last vert inspisert, om enn oftast overfladisk. I enkelte små landsbyar med kontrollpostar gjev dette artige utslag - det er gjerne ein soldat per sivil innbyggjar. Chiapas er minst like okkupert som Aust-Timor var det. Tranquíl...

Jaja. Også i Yaxchilan fekk ein ei påminning om at Chiapas ikkje er som andre statar: Ved servicebygget hang eit stort banner med teksten: "Folk av Mexico! Vi, folket i Lacandon-fylket, protesterer på det heftigaste mot privatiseringa av vakt- og servicetenesta i nasjonalparkane!" Og eg var hjarteleg velkommen til å avfotografera protesten og bringa den vidare. Yaxchilan var flott. Det beste, samanlikna med andre maya-ruinar, var dei svært godt bevarte kalksteinsbautane med relieff og maya-hieroglyffar som forklarar kva som er avbilda. Til dømes eit der Kong Skjold Jaguar II overlet makta til sin son Fugl Jaguar IV, og ulike som viser politiske og religiøse leiarar som ofrar sitt eige blod i vikrtige seremoniar. Dessutan var det tillatt å gå i og på dei fleste bygningane, deriblant ein kalt Labyrinten. Det er godt eg tykkjer flaggermus er søte. Men det mest interessante er i El Gran Akropolis, kongebustaden: Då innbyggjarane forlot Yaxchilan, like uforklarleg som alle dei andre maya-byane, etterlot dei i palasset ein mannsstor statue av den siste kongen, Skjold Jaguar IV, om eg hugsar rett. Seinare har hovudet knekt eller blitt knekt av, og ligg i naborommet. Lacandon-folket, som mykje godt er etterkomarane etter innbyggjarane som forlot Yaxchilan, reknar framleis staden som heilag. Dei kjem jamleg og brenn røykelse og ber ved statuen. Dei hevdar at den dagen hovudet til kongen kjem tilbake på plass, er det byrjinga på Slutten. Med stor S. Så dreg du nokon gong til Yaxchilan: Ikkje kødd med den statuen.

Diverre gjekk kameraet mitt tomt for batteri i Yaxchilan, så det vert ingen bilete av Skjold Jaguar IV, av Kimbor og familien, eller av "gården" deira, med kokospalma og appelsintreet på gårdsplassen, der alle kunne forsyna seg fritt. Trist men sant.

Neste dag, det vert 2.11., drog eg igjen til Frontera Corozal, denne gongen for ei udramatisk grensekryssing til Guatemala.

(forts. i neste kapittel.)