![]() | |||||||||||||
![]() | |||||||||||||
InnhaldFørste kapittel - kart, og dagbok 25.9.-12.10. (Isla Mujeres, og nordre Yucatán)Andre kapittel - dagbok 13.10.-2.11. (San Cristóbal de Las Casas, Palenque, Lacandon-jungelen og ut av Mexico.) Tredje kapittel - dagbok 2.11.-6.1. (Flores/Tikal, Finca Ixobel, Antigua, Finca Santa Ínes, Lago de Atitlán, høglandet og ut av Guatemala.) Fjerde kapittel - dagbok 7.1.-19.1 (San Cristóbal, Zipolite, Mexico D.F. og heim.)
Eg er glad det var Flores eg tok til sist på min maya-ruin-turné: Alt bleiknar i forhold til Tikal. Over eit område på seksten kvadratkilometer budde det på det meste ca. 100 000 menneske frå 250 f.kr. til bystaten vart meir eller mindre forlatt 900 e.kr. Bygningsmassane er tildels uvanleg godt bevarte, berre om lag ein fjerdedel er restaurert/gjenoppbygd. (Dette er mykje mindre enn dei store stadene i Mexico.) Resten ligg slik dei fant det. Det ligg midt inne i jungelen. Sidan det er lengre utanfor allfarvei, er det mykje mindre turistar her enn i f.eks. Chichén Itzá, Uxmal og Palenque. Og sidan området også er så stort, vert det samla sett ganske tynt folkesett på ein vanleg dag. Det meste av vegetasjonen har fått stå, utanom nett på og ikring dei utgravde bygningane. Berre ein brøkdel er utgravd, og ingen veit heilt kor mykje det er, men ein anslår minst hundre års fortsatt innsats om alt skal utforskast. Fem tempel er over førti meter høge, og det høgaste, tempel IV, stikk med sine 64 meter opp over regnskogen. Utsikten er fantastisk. Mellom bygingane går ein omkring på stiar i og under jungel og regnskog - og på vegane mayaane sjølv bygde, som er gravd fram. Fugle- og dyrelivet er fantastisk: Tucan'ar, kondorar, tapirar (som et av handa di), spider monkeys, brølaper og myje meir. Det er små øko-stiar, der planter er merka med diskré skilt som dessutan fortel kva mayaane brukte dei til. Andre skilt fortel om dyrelivet. Den som ikkje har høyrt ein flokk brølaper ta morgonbrøla sine, kan ikkje forestilla seg det. Det høyrest ut som ei rasande, psykotisk løve på speed, forsterka ti gonger. Og det er faktisk ikkje overdrive. Dei kan hørast opptil tre kilometer, og er verkeleg fryktinngytande - sjølv om dei sannsynlegvis berre diskuterer kva dei skal ha til frukost. I dag dreg eg sørover til Finca Ixobel, ein jobbe-og-bu-og-aktivisera-seg-gard utanfor Poptún, for deretter å dra til Rio Dulce for den legendariske båtturen på over El Golfete til Lívingston. Uansett lovar eg at Tikal er dei siste maya-ruinane eg skal prakka på dykk. - gaute
Eg traff masse artige folk der, og sjølv om det regna stort sett heile tida, hadde me det strålande. Staden vert driven av Carole DeVine, ei elskeleg lita amerikanerinne. Ho bygde garden med mannen sin for mange år sidan. Han vart imidlertid drepen i 1990, under dei harde åra med geriljakrig mot militærdiktatur og fattigdom. Carole stod på i mange år for å få dei ansvarlege for retten. Ei rettsak er no på trappene, mot ei handfull soldatar frå regjeringshæren (såklart), og det har òg blitt avslørt at CIA visste om drapa på førehand (såklart). Eg var mest med Cindy, Cara og Denise frå Canada, Karin og Matina frå Tyskland og Rhiannon frå Wales. Me hadde oss ein flott tur i området, og elles slappa eg av, og åt! Det rare er at masse folk eg har møtt har mast om Finca Ixobel. Om atmosfæra, det sosiale, dei artige bygningane, alle dyra, hesteriding, turar, aktivitetar osb. Men ingen nemnde maten! Den var i seg sjølv grunn god nok til å dra dit. Et-alt-du-vil-bufféen om kvelden, til kr. 35,-, samla alle. Den bestod alltid av minst to salatar, minst to ris/pasta/potet-variantar, minst to vegetarrettar og minst to kjøt-/fiskerettar, samt nybakt brød og anna tilbehør - og alt var alltid vidunderleg godt, heimelaga og heimedyrka. Bring det vidare til Karl Johan: Dreg han til Guatemala, veit han kor han skal dra. Elles om dagen hadde kjøkenet ein fyldig meny. Og alt var sjølvbetjent. Frå heimebaka, ferkst bakverk, frukt, snadder og rettar frå kjøkenet, via fersk juice, øl, vin, brennevin og anna drykk, til røyk, batterier, vaskemiddel og det ein elles måtte trenge. Ein berre noterte sjølv, og gjorde opp ved avreise. Eg var på veg sørover sundagen, men då var alle bussar innstilte pga. presidentvalet. Valet gav forøvrig ingen vinnar pga. standard minst-50-prosent-regel, så det vert nytt val i desember. Men alt tydar på at regjeringspartiet PAN misser makta, etter m.a. å ha gjort seg upopulære med omfattande privatisering. Politikk vert tiltakande smalspora, forutsigbart og destruktivt, same kor i verda ein er. Måndag 8. om kvelden slo eg følgje med eit kobbel canadiarar rett til Antigua. Det vedvarande kjipe veret ville teke brodden av Rio Dulce/Lívingston. Eg får sjå om eg dreg attende dit. Antigua var hovudstaden i Guatemala til 1776, då byen vart rasert av eitt av mange jordskjelv. Ein flytta hovudstaden, og den nye byen vart kalla Guatemala som den gamle. Den gamle hovudstaden fekk namnet La Antigua Guatemala, eller Gamle Guatemala, vanlegvis berre Antigua (Gamla). Byen er liten og sjarmerande, med gamle hus og brusteinsgater, mot store, stygge, møkkete og farlege Guatemala. Her er mykje gamalt og kulturelt, og mykje turistar, særleg ungdomar. Men det passar meg bra nett no. Nattelivet skal og vera bra. Kva vidare planar angår, heng det litt i lause lufta, men Lago de Atitlán, San Lucas Tolimán og/eller Xela (Quetzaltenango) er sannsynlege mål. Uansett vert det snart eit par veker med intense spansk-studier. - gaute
Elles har eg hengt mykje med Jeanette, Tracy, Jason og Catherine frå Canada, Camilla og Susanne frå Danmark, Gilte frå Tyskland, og dei første nordmenna eg har møtt: Matias og Karsten. Og eg traff att Rhiannon - og Nani og Hadas! Antigua er som før sagt ein fin og ganske turistifisert by, og her er eit bra natteliv. Men det vart radikale forandringar i planane mine igår: Eg fekk tak i Kenneth på telefonen, og han var framleis på farmen sin, Finca Santa Ínes. Der hadde han det så fint at han greidde å freista meg til å ta ei veke der òg. Eg dreg difor nedover dit idag, og de høyrer neppe frå meg på ei veke eller så. - gaute
- gaute
Garden er heller stor, men heller lite av landet dyrka opp. Det er dessutan eit imponerande utval av bygningar: bygg frå "gamle dagar", bygg som er bygd seinare, og bygg som er påbyrja og aldri fullført, i takt med Elazars kaotiske humør og ditto økonomiske situasjon. Der er ein diger, ubrukt låve, forfalne grisebingar, "resturanten" som ingen veit kva Elazar ville med, og som manglar litt av kvart på å bli restaurant, og bygg som ingen eingong veit kva er. Eller var. På toppen av det heile har ein "det uferdige kvite huset": Ein amerikansk kjenning av Elazar skulle byggja seg hus på eigedomen, mot at Elazar overtok huset når han gjekk bort. Men det gjorde han like godt når han var halvferdig. Der står huset, digert, og manglar berre dører, vindauge, og litt på taket. Elazar sjølv er litt av ein skrue. Nokon-og-femti år gamal og fraskildt. Bur åleine med hushjelp som er like skrudd. Han inviterer jamnleg gardsarbeidarane opp, eller seg sjølv ned, og stiller alltid med nok drikkevarer. Er det oppe i huset hans ein er, spelar han alltid tango, opera eller klassisk på enormt volum. Han er totalt ufølsom og kjemisk fri for "manerer". Eva og Karsten frå Tyskland vart f.eks. underhaldt med Hitlersitat og smaklause konsetrasjonsleir-vitsar, medan Eva konsekvent vert tiltalt som "Eva Braun". Elles er han kronisk innpåsliten på alle jenter, og lirer av seg dei same vitsane og kommentarane kvar gong. Klassisk døme: "Marihuana og slikt er berre for niggerar og kinesarar. For oss andre er det tre ting som tel: Sprit, hasard og kvinnfolk." Som ein kan forstå er potensialet her enormt, ein kunne fått til enormt mykje her. Det store problemet for Rosie og Dave og prosjektet er at Elazar er totalt upåliteleg og uforutseieleg. Rosie og Dave freistar få til ein langsiktig kontrakt, eventuelt kjøpa deler av garden. Laurdagen drog vi inn til eit digert kjøpesenter der Ian visste dei delte ut smaksprøver av ymse slag. Vi skulle berre ha ei magnumflaske Flor de Canja (rom) og to liter cola (dei kjem i praktiske kombo-pakningar). Men vi måtte jo prøvesmaka. Så utpå ettermiddagen drog vi attende til Pinlua, halvfulle og halvmette på smaksprøver. I Pinula drog vi rett på eit mindre moralsk høgverdig etablissement (alle barane i Pinula er også horehus). Ian sin kanadiske kjærast Karyn var reist dagen før, så jentene i baren fann ut at Ian var kveldens offer - dei freista tildels å få han med seg med makt. Då dette ikkje gav resultat, la dei like godt an på Marsha, noko ho tok med fatning. Nachspielet tok vi i "restauranten". No er eg i Panajachel, ved Lago de Atitlán. Herifrå ser eg over til San Lucas Tolimán. I morgon dreg eg til San Pedro la Laguna eller Santa Cruz la Laguna, og eg skal såklart òg vitja San Lucas Tolimán. - gaute
San Pedro er ein vakker, liten by. Knapt nok med vegsamband til omverda klyngar den seg til kanten av Atitlán-sjøen. I store deler av "byen"er gatene berre stiar - men dei brukar like fullt det geniale guatemalske nummersystemet etter beste evne: Gater (calles) går aust-vest, avenyar (avenidas) går nord-sår. Står ein t.d. i krysset mellom sjette aveny og fjerde gate ser det ut som ein er ved Olderbotn eller innerst i Handelandsdalen. No er eg på La Iguana Perdida, eit nydeleg lite gjestehus for seg sjølv ved landsbyen Santa Cruz la Laguna. Eg hadde tenkt å ta dykkarsertifikat her, noko som er billeg og dessutan gjer ein sertifisert til å dykka over 1000 meters høgde. Men dei satte seg på bakbeina pga. min gode, gamle paroksystiske supraventrikulære takiardi. Eg snuste litt rundt på nettet etter informasjon om min lille hjartefeil generelt og dykking spesielt, og kom i kontakt med tre ulike hjarte-dykkar-spesialist-legar. Dei frarådde dykking einstemmig, men kom med mykje ny, interessant kunnskap. Ironisk nok vert det gamle trikset med å stansa anfalla med iskaldt vatn i trynet eller omvendt, kalla "the diving trick"... Eg sprang på Kenneth og Eóin her i Panajachel igår. Dei hadde vore på den legendariske marknaden i Chichicastenango. Dei drog nedover til garden att i dag, etter å ha vitja meg på La Iguana Perdida. Eg skal helsa masse. - gaute
Eg fekk sett litt av kvart i byen. Kvinnherad hadde som kjent utsendingar til San Lucas i vår, og frå dei fekk eg tips om folk å kontakta. Eg helste på Padre Gregorio, amerikansk katolsk prest som har vore i San Lucas mange år. Han har utruleg mange jarn i ilden, og saman med andre på vitjing vart eg vist ikring til ein del av prosjekta. Nokre er delvis bemanna med nokre handfulle friviljuge, reisande ungdomar som jobbar for kost og losji. Dei held på å byggja nytt, moderne og svært imponerande helsesenter og sjukehus. Dei har eit omfattande skogplantingprosjekt der dei i samarbeid med div. utanlandske botanikarar har avla fram ein svært hurtigvoksande sypress. Dei sel frø til andre skogplantingprosjekt, til komersiell skogsdrift og til eksport. Vi vart og viste korleis kaffibønner vert handsama i eit lokalt kooperativ der kaffedyrkarane har felles utstyr. Eg vitja òg Collegio Privado som, viss eg har skjøna rett, skal frå midlane frå "Operasjon Dagsverk" på KVV. Der hadde dei juleferie, men elevar frå skulen og friviljuge frå fader'n var i full sving med byggjing av nytt bibliotek. På rådhuset tok ordføraren imot meg personleg, med kommunevåpenet til Kvinnherad på hylla. Etter ein del hyggjeleg prat om San Lucas generelt, ville eg freista få kontakt med ein Kvinnhering som har budd her i mange år, Sigurd Møklebust. Dette på ordre av bestemor i Omvikedalen - han er brorson av venner av dei. Ingen kjente nokon ved det namnet, men det vart sendt bud på el chino, "kinesaren", som hadde ord på seg for å ha kontroll på mest alle 17 000 i kommunen. Kinesaren var ikkje kinesisk i det heile, men ein kjernekar - me hadde mykje moro. Han visste heller ikkje av nokon Sigurd, men etter eit par telefonar hadde han lokalisert han, og visste godt kven han var: Han kallar seg ikkje Sigurd her. Eg vart like godt køyrt opp, men mr. Moklebust viste seg no vera pendlar til Guatemala City. Kinesaren trylla imidlertid fram adresse og telefonnummer i hovudstaden. Me får sjå om me får fat i han.Eg vitja òg familien Maldonado, som tidlegare har vore på vitjing i Kvinnherad. Den flotte naturen kring San Lucas gjorde inntrykk, og det same gjorde folkelivet og den vrimlande marknaden tre dagar i veka. Ein ekstra bonus var då eg slumpa til å få vera med på La Posada (litt: Vertshuset). Dei siste ni dagane før jul går ein prosesjon omkring i byen kvar kveld. Dei syng julesongar og ber lykter, stearinljos og ein diger julekrybbe som symboliserar Josef og Maria på leiting etter husly. Kvar kveld "finn" dei husly i eit nytt hus, der det vert sunge meir, preika og bedt, før vertsfamilien server varm drykk til alle (lokalbefolkninga hevdar hardnakka her er "kaldt" om kvelden om "vinteren" - temperaturen synk faktisk enkelte dagar ned mot 10 °C...) Det var nesten så ein hardhuda 26-åring kom i julestemning... Det er useieleg deilig å sleppa det merkantil-industrielle julehysteriet heime: Her tek ikkje folka lett på jula, men den hos oss så høgt vyrde Handelsstanden har ingen plass på alteret. Posada'en er ganske representativ for kva som går føre seg. Forutan det kulturelle San Lucas-alibiet, har eg (når eg har vore på beina) kost meg og hengt mykje med friviljuge frå alle verdshjørner. Ein gjeng nederlandske sosionom-studentar som har praksisen sin her laga "sirkus" av, med og for eit kobbel av ungar. Utruleg bra - og eg har sjeldan sett ungar ha det så gøy. Til sist må me ikkje gløyma Alan: Verdas garantert galnaste irske kokk, som jobbar på eit nytt luksushotell her. Vi har hatt det gromt kjekt nokre dagar og kveldar. Han greidde nesten få meg til å kasta alle planar overbord for å dra til El Salvador og bokstaveleg tala surfa oss inn i det nye årtusenet. Nestsist: Dei andre. Lillian er vel som dei fleste veit foren heim. Kenneth er framleis på draumegarden sin. Og eg høyrte endeleg frå Anne og Linda: Dei har jobba som servitørar på det vidgjetne stillehavsstrande Zipolite i Midt-Mexico dei siste sju (!) vekene, men var no på veg sørover. Til slutt, sidan dette sikkert vert siste oppdateringa før jul, vil eg helsa heim og ynskja alle der heime, familie og vener ¡Feliz Navidad! Ei spesiell helsing til mamma, pappa, brødre, syster, farmor og dessutan alle på Lyngbakken. - gaute
Og ikkje minst: Hugs å lesa det nye (og siste) kapitlet i boka til Kenneth! - gaute
Attende i Pana slo vi oss til på ein campingplass utanfor byen saman med Will og Sinead, også frå Garden. Den amerikanske, nesten-blinde, nesten-døve, svært trivelege og svært e(so)teriske innehavaren Mike fekk like "godt" ein finger nesten kappa av han òg. Men under noko meir dramatiske omstende: Eit par 17-18-åringar tok seg inn på campingen om natta og inn i huset til Mike. Han overraska dei, og vart behørig skoren opp. Mike si gauling og alt blodet skremde heldigvis tjuvane. Det går fint med fingeren hans òg. Neste dag (julaftan), skipa Mike til julemiddag for gjester (oss), venner og tilsette med familiar. Det var ein multinasjonal gjeng, med guatemaltekarane i klart fleirtal. Vi hadde også vår eiga feiring om kvelden - og Susie hadde kjøpt små presangar til alle. Pittesmå guatemalske bekymrings-dokker: Du seier bekymringane dine til dokkene om kvelden, og om morgonen er bekymringane borte. Dei vart såklart delte ut med eit erketypisk australsk "No worries, mate!". Etter jul var vi på campingplassen nokre dagar, spelte musikk (Kenneth har kjøpt seg gitar), bada, åt is og koste oss. Sven tek opp alt mogleg med mini-disc-spelaren sin, alt frå våre musikalske sprell til at han gjev meg fire minutt på å gjera greie for hovudtrekka i norrøn mytologi (han er antropolog). No er me i San Pedro, der det vert heidundrande nyttårsfeiring i morgon. Den skjer delvis på D'noz (restaurant/bar/nattklubb), og delvis med flytande house-party på ein diger båt midt i Atitlán-sjøen (som Aldous Huxley i si tid korrekt poengterte at er den vakraste innsjøen i verda). Dean som driv D'noz har flydd inn DJ'ar frå ymse verdshjørner. I San Pedro har eg forutan Kenneth møtt igjen ymse folk eg har hengt med tidlegare, blant andre Eres, Ariel og Niv frå San Cristóbal, Amichai frå Palenque. Rosie, Dave og andre frå garden er venta. Og til alle der heime: Godt Nytt Årtusen! - gaute
Andre nyttårsdag drog eg endeleg frå Atitlán. Eg tilbrakte dagen i Chichicastenango, som fredagar og særleg sundagar har Guatemalas største marknad. Dei fleste presangane er dermed kjøpt, og sekken ekstra tung. Eg haldt fram til Xela, nest største by i landet (med skarve 100 000 innbyggjarar mot hovudstadens drøye 2 mill.). Spanjolane grunnla sjølvsagt byen på ruinane av ein blomstrande, men raskt rasert maya-landsby. Den nye byen fekk namnet Quetzaltenango, m.a.o. Quetzal-byen (Quetzal'en er landets nasjonalfugl, og dessutan namnet på mynteininga). Men mayaene haldt fram med å kalla staden Xelajú som dei alltid hadde gjort - eller til dagleg berre Xela. Og det har heldt seg til den dag i dag. Namnet Quetzaltenango vert lite brukt av folk flest nokon stad i landet. Xela er soleis de facto hovudstad i høglandet sørvest i Guatemala. Dette er kjerneområdet for dagens maya-indianarar. Og det er kanskje på tide med ein kort-kort gjennomgang av mayaene si historie. Maya-kulturen vaks fram frå nokre hundreår før kristus og opp til ca. 250 e.kr., i det som vert kalla den preklassiske perioden. "Preklassisk" viser nett til at i denne perioden vaks kulturen og dei store maya-byane fram til den stordom vi i dag kan sjå restar av, med skriftkultur, kunst, teknikk og religion. Som nokre døme kan nemnast eit matematisk plassystem med talet 0 (som ikkje vart oppfunne i Europa før mange hundre år seinare) og presis astronomi: Mayaene kalkulerte Venus si omlaupstid til 584 dagar (rett svar: 583,92), og kunne finna kva vekedag ein dato falt på fleire tusen år i fortida eller framtida. Sementen deira var av topp kvalitet, men det er interessant, særleg når ein ser dei imponerande byggverka, at dei aldri utvikla metall. Byane låg i dei frodige regnskogane i det som i dag er Chiapas (i Mexico), Guatemala og vestlege Honduras. Blant dei største byane var Uxmal, Palenque og Yaxchilán i dagens Mexico, Tikal i nordlege Guatemala og Copán i Honduras. Dei store byane var først og framst religiøse og sermonielle sentra som husa preste- og herskarklassa, og handelsstader. Med tildels store folketal (for Tikal antydar arkeologane tal opp mot 100 000) var byane avhengig av jordbruksproduksjonen i omlanda. Det var utstrakt kontakt og handel over heile området. I den klassiske perioden frå ca. 250 til ca. 900 blomstra desse bystatane. Men så, ikring 900, vart alle byane rakst og uforklarleg forlatt. Maya-indianarane spreidde seg, først og framst til høglanda i Guatemala og det flate, tørre landet på Yucatán. Dei store byane var stort sett forlatt, sjølv om enkelte var delvis bebudd i periodar og enkelte fungerte (og fungerer framleis) som heile stader. Dette vert soleis kalla den postklassiske perioden. Etterkvart grodde dei fleste til og vart gløymt. Dei fleste vart ikkje oppdaga av europearane før slutten av 1800-talet. Då spanjolane kom var det aztekarane som dominerte i regionen, bygde storslåtte tempel og byar. Med det resultat at aztekarkulturen vart bokstaveleg tala utrydda og jamna med jorda - her skulle jo ryddast plass til kristendom, såklart! Maya-indianarane, som levde ganske anonymt og smålåte i sine landsbyar, og var viljuge til å lirka inn litt Jesus og helgenar i religionen sin, har overlevd. Om enn mot harde odds. Men kvifor vart bystatane forlatte? Dei dominerande teoriane idag går på indre strid, invasjon og beleiring, opprør frå bøndene som fødde dei veksande byane, utarming av jorda, overbefolking, eller kombinasjonar av desse. Problemet er at byane er fulle av arkelogiske funn, men lite og ingenting kan underbyggja desse teoriane. Heller ikkje finst det teikn på epidemiar eller nokon økologisk katastrofe. Ein interessant teori spring ut av Popol Vuh. Popol Vuh er den eldste skrivne teksten i Amerika. Den heilage og svært symbolske teksten omhandlar skapinga, historia og mykje meir. Den var opprinneleg skriven med maya-hieroglyffar og illustrert. Tidleg på 1500-talet hadde spanske misjonærar skriftfesta Quiché Maya med latinske bokstavar (gjett kvifor). Ein høgareståande quiché skjøna at maya-kulturen låg dårleg an, og skreiv ned heile Popol Vuh på quiché med latinske bokstavar. Popol Vuh har seinare blitt omsett til mange språk. Enkelte historikarar meiner at prestane og herskarane leste av Popol Vuh at tida kort og godt var inne for å gje heile byprosjektet på båten, at dei skulle alle gje seg ut i landsbyane og på markene - at byane hadde oppfylt sin misjon, så og seia. Ein besnærande teori. Uansett kvifor mayaene forlot byane og lot dei gro ned i jungelen, er det kanskje grunnen til at mayaene er det største gjenlevande indianarfolket i Amerika. Og hadde ikkje byane blitt forlatt, så hadde dei nok neppe stått den dag i dag. Nok om mayaene - i morgon fer eg til Huehuetenango og derifrå ein svipp til Todos Santos Cuchumatán før det ber attende til Mexico. - gaute
Denne isolasjonen gjer at folket Todos Santos er adskilleg mindre påvirka enn dei fleste andre mayaer. Mannfolka går enno i fargerike, tradisjonelle drakter, og Todos Santos er den einaste staden der maya-kalenderen enno vert brukt til ein viss grad. Eg tilbrakte to netter der, og traff nokre OK folk - vi hadde det kjekt, sjølv om dårleg vêr haldt oss i byen heile dagane. (Det vert verkeleg kaldt i Todos Santos no om vinteren, ned mot null). Frå Todos Santos drog eg rett til Mexico. (forts. i neste kapittel.) |