Reisedagbok - første kapittel

Standard
versjon
Dagboka var i ferd med å veksa seg stor og feit, så eg har no delt ho opp i fleire sider. Alt står i kronologisk rekkjefølgje, og denne linken tek deg til siste oppføring, nederst på siste side.

Innhald

Første kapittel - kart, og dagbok 25.9.-12.10. (Isla Mujeres, og nordre Yucatán)
Andre kapittel - dagbok 13.10.-2.11. (San Cristóbal de Las Casas, Palenque, Lacandon-jungelen og ut av Mexico.)
Tredje kapittel - dagbok 2.11.-6.1. (Flores/Tikal, Finca Ixobel, Antigua, Finca Santa Ínes, Lago de Atitlán, høglandet og ut av Guatemala.)
Fjerde kapittel - dagbok 7.1.-19.1 (San Cristóbal, Zipolite, Mexico D.F. og heim.)

Kart

Eg har lagt inn ein del kart slik at ein kan følgja endå betre med. Her er eit oversynskart over Mexico, med innteikna reiserute og "zoom-funksjon". Her er eit detaljert kart over Yucatán og Chiapas, med og utan inntegna informasjon. Fleire slike kjem såklart etterkvart. Oversynskartet ligg her utan inntegna dill, og dessutan eit digert, detaljert kart over heile Mexico.

28.9.
Eg skriv i reisedagboka for første gong!! La oss nøya oss med ei kjapp oppsummering - eg har knotta i heile dag og er berre SÅ klar for ein dukkert og MAT.

I helga var eg altså i Oslo på ein svært god Nei til EU-konferanse ("Nei 2000"). Måndag sa eg eit trist farvel til kjærasten min (Eg saknar deg!), drog ut på Gardermoen, traff dei andre, og vi føyk til Cancún, ytst på Yucat´n-halvøya, Maya-indianaranes kjerne-område. I Cancún har eg ein nettkamerat vi skulle bu hos. Men han var ikkje heime! Ingen problem, kona til vaktmeisteren hans var orientert; ho slapp oss inn, og kunne fortelja at Emilio var i Mexico City, dottera var nominert til ein filmpris, og dessutan skulle han opna ein ny restaurant i kjeda han er medeigar i. Me fekk i alle fall ypperleg husly for natta. Og eg fekk tak i Emilio på e-post i dag,

Men sidan det ikkje er allverda å finna på i Cancún, drog me ut til ei utanfor, Isla Mujeres. Her har me fått oss rom på herberge og nyter det rolege livet på øya. Så dreg me sikkert inn att til Cancún til helga eller derikring.

- gaute

3.10.
Ai, her gjekk det lang tid utan oppdatering!!!!! Uff, Anne og Linda ville skriva neste kapittel, men kom aldri så langt. Og no er dei reist! Men dette er ei lengre historie - vi får ta det frå byrjinga... Eg lagde altså sider den første føremiddagen, før eg traff dei andre, og vi dreiv rundt, kikka på byen, åt og koste oss. Vi sat i restauranten på gjestehuset (Casa Poc-Na) lenge, og traff masse folk. Seinare, ved stengetid, skulle Leo, som jobbar på Poc-Na ut på byen, og inviterte med seg eg, Lillian og Linda, og vi hadde ein kjempekveld med levande musikk på Daniel's og vill dansing på KoKoNuts.

Neste dag, onsdag 29., gjekk med på stranda, og i ein bar ved stranda sat eg og Kenneth og såg på eit par kampar frå meisterligaen. Etter meir henging-rundt på gjestehuset, for eg, Anne og Kenneth ut på KoKoNuts att, denne dagen med to israelske kompisar, Gilad og Zahi.

Torsdag 30. og fredag 1. var nye kjempedagar - men ikkje for Lillian. Ho vart svært sjuk, med høg feber (kring 40 °C) og diaré. Men alle heime kan ta det med ro. Ho var like klein fredag føremiddag òg, for så å bli betre utover kvelden, og laurdag var ho heilt fin att.

Vi andre for på stranda torsdagen og fredagen, og med oss fekk vi Gilad og Zahi, Mette frå Danmark, Susann frå Sverige, Joe frå San Francisco og Edsel, svart nederlendar med belgisk kjærast. På fredagen slang vi oss med på volleyball mot ein gjeng med utruleg snobbete, motbydelege, rike, oppblåste franskmenn, slik berre franske sossar kan bli. Dei var frå Club Med. (Ta Vingreiser, gjer det fire millionar gonger meir snobbete og ti gonger dyrare, og du har ein viss idé om kva Club Med er...). Alle var ikkje like ille, men den einaste gjengen som det var noko med, var den dansk-meksikanske (!) GO'en. (GO = General Organizer, aktivitørar på Club Med). Han heitte Brian, og er det einaste mennesket eg har møtt nokonsinne som er meir vulgær enn det eg er. Ingen av froske-etarane snakka eit ord engelsk - men det dei ikkje visste, er at eg enno hugsar litt av gymnasfransken min. Så eg kunne høyra dei prata om "dette håplause blåbleike beinranglet frå Noreg," "denne nederlandske nigger'n" og "desse jævla jødane."

Vel, problemet deira var at dei var relativt håplause sjølv, på alle måtar, inkludert volleyball. Og eg kan no spelet, medan Edsel viste seg å vera kanongod, så vi banka livskiten ut av dei. Dei var så sure på kvarandre at eg måtte verkeleg halda meg for ikkje byrja le av dei.

Elles har vi bada, ete god mat, gått turar, kikka på byen, preika med folk - vi har møtt for mange til alle kan nemnast, men i tillegg til dei eg har nemnd har det vore Anne Ragnhild frå Tynset, Wayne frå USA, Gertrud frå Malta og mange andre.

Kveldane har det vore ymse. Fredagskvelden spelte eg, Kenneth, Joe, Mette, Gilhad og Zahi rævhôl heile kvelden og halve natta - både Gilhad og Joe kunne det forutan eg. Utan å gå i for mange detaljar: I rævhôl vert stillinga i ein runde grunnlag for ei rangering av spelarane i president og visepresident øvst, øl-slaven (the beerslut) nest nedst, og rævhôlet (the asshole) på botnen. Og i neste spel får rævhôlet og tildels øl-slaven store handikapp, så det er vanskeleg å koma seg opp att. I tillegg kan einkvar spelar kommandera ein som stå lavare på rangstigen til kva som helst. Vi spelte først i restauranten på gjestehuset, før vi fortrakk til ein stengt uterestaurant ved stranda.

Eg var sikkert president dei første 10-20 rundane og hadde mykje moro med dei andre - men fekk det grundig igjen då eg til slutt vart vippa av pinnen. Høgdepunkt som bør nemnast er då eg måtte skaffa meir øl på 15 minutt midt på natta - og klarte det på ti! Også då Mette måtte krypa rundt under bordet og lukta på tærne til alle gutane for så å avgjera kven som hadde dei suraste, og då Kenneth måtte springa til sjøen, kle av seg, bada naken, og koma attende påkledd - på mindre ann to minutt (han klarte det). Det toppa seg då eg vart sendt ut til eit turistfritt nabodiskotek for å finna ei jente som ville dansa med meg i regnet - og klarte det òg!

Laurdag bestemte jentene seg for å dra vidare til Tulum, sør for Cancun, dei tykte Isla Mujeres vart for dyrt i lengda. Kenneth dreg kanskje rett til San Cristóbal de las Casas. Eg dreg kanskje vestover, via Emilio i Cancun og kanskje Tulum til Valladolid, Chichén Itzá, Uxmal og Merrida. Me får sjå. Me skal i alle fall møtast att seinast i San Cristóbal, for å dra inn til Guatemala.

- gaute

5.10.
Hmmm... ny vakker dag her. Kanskje siste oppdatering på ei stund - eg reiser frå Isla Mujeres i morgon, og kven veit kva tid ein får sjansen igjen. Men me får sjå. Utan Anne, Linda og Lillian har eg og Kenneth tilbrakt mykje tid med nemnde Gilad, Zahi, Mette, Joe, Susann, Edsel og Anne Ragnhild. Og dessutan Gil og Ariel frå Israel, og Jo og Claire frå England.

På fredag var ikkje vêret heilt bra, og på laurdag brøyt det ut skikkeleg storm. Tropisk regn og vind opp i storms, med korte opphald. I eit slikt opphald var eg og Joe på jakt etter ein stad å eta, og dumpa inn på ein turistfri cantina (drikkjestove). Der kosta ølet sju kroner (åtte-ti er normalt), og då var maten gratis. Dei ville berre la oss sitja der på vilkår at vi ikkje fortalte andre gringos om staden. Vi vart sitjande der resten av dagen medan stormen fylte gatene - dei verste stadene var det nesten meteren djupt.

Vêret vart noko betre dei neste dagene. Sundag hadde vi ein ny runde med rævhôl. Vi var opp i elleve spelarar, og hadde det storleg morosamt. Rævhôl er i ferd med å bli sjølve Isla Mujeres-spelet. Og ja, vi endte på KoKoNuts den kvelden òg...

Måndag morgon byrja dårleg: På morgonkvisten hadde nokon tråla ein del rom på gjestehuset vårt og teke alt av tilgjengeleg kontantar. Sjølv mista eg ca. 700 kroner, og andre mista liknande beløp. Då innehavarane var ekstremt lite imøtekommande i forhold til t.d. kontakt med politiet osv., sjekka vi ut, eg, Gilad, Zahi og Mette. Vi for til eit pent hotell. Seinare tok eg og Mette ut på ein snorkle-utflukt, men snorklinga var ikkje så mykje tess på grunn av for mykje vind. Utanom to guidar var det fire meksikanske turistar. Vi vart overraska av hagl og stiv kuling, og medan alle freista dekkja seg til med det dei kunne, stilte eg meg opp på baugen i berre badebuksa og storkoste meg. Det gav stor jubel og mykje moro. Men vi hadde ein flott tur og fekk servert god mat. Vi tok det heller roleg igår, og det har vore mest strandliv i dag.

No fer eg frå øya i morgon, og mest sannsynleg vestover mot Valladolid, Chichén Itzá, Merrida og Uxmal. Følg med!

- gaute

6.10.
Siste oppdatering før eg dreg frå Isla Mujeres: San Cristóbal-planane til Kenneth er ute - no dreg vi kvar for oss til Tulum for å sjå etter jentene. Eg tek meg ein liten stopp hos Emilio i Cancun.

- gaute

8.10.
I Cancun, hos Emilio, gav eg pokker i Tulum. Fann ut eg hadde fått nok sol og sand, og drog til Valladolid. Men ikkje utan at eg og nokre folk eg hang med drog til Hotell-sonen, på ein "klubb" (les: gigantdiskotek) ein Israelar tilrådde så varmt. Ein klubb me imellomtida fann ut vart haldt fram som den beste i heile Latin-Amerika av "autoritetar" som Rolling Stone Magazine, MTV og Billboard. Dei om det. "Klubben" spesielt og Zona'en genrelt var uvirkeleg. Ta Ibiza ganger ein million - og du er ikkje ein gong i nærleiken. Me stakk tilbake til nesten-gringo-frie Cancun sentrum etter ein time, og fann oss ein gringo-fri uteplass, der dei berre spelte latinsk musikk, og alt vart med eitt så mykje betre.

I går drog eg altså til Valladolid, og i dag sykla eg ut til Ditznup og Cenote Xkékén. Cenote'ane er underjordiske grotter med små grunnvass-innsjøar, som var mayaenes vassreservoar. Det er difor ein "brønn" frå bakken og ned i taket i grotta. Eit fantastisk syn når sola står i senit og gjev ei enkelt stråle av sol rett ned. Deilig å bada var det også.

I morgon dreg eg tidleg til Chichén Itzá og vidare til Merrida om kvelden, for så å sjå Uxmal og Puuc-ruta sundag og kanskje mandag. Frå Merrida dreg eg då til Palenque ein gong i neste veke, kanskje onsdag? Tida vil visa.

- gaute

11.10.
Ja, som sagt så gjort: I forgårs var eg i Chichén Itzá. Stod opp grytidleg og kom til Chichén Itzá då dei opna klokka åtte. For dei som ikkje veit det: Yucatán er full av ruinar etter Maya-indianarane, der Chichén Itzá, Uxmal og Palenque er dei største. Chichén Itzá var enormt imponerande. Eg fekk nokre stille timar i det nesten folketomme området, og stakk i ellevetida då busslastane med turistar kom veltande. Eg kom til Merrida om ettermiddagen, såg meg litt om i byen, og var m.a. på gudsteneste - dei har ein staseleg katedral her.

I gå drog eg til Uxmal, tidleg det òg. Uxmal var flott, men ikkje like imponerande som Chichén Itzá. På kvelden gjekk eg ut og kikka litt meir på byen Merrida, og der var det full folkefest på Plaza'en. Masse salgsboder, stappfullt av folk, band som spelte, folk dansa, klovnar klovna, ja, det var mest som ein skikkeleg bra 17. mai. Då eg spurte kva som gjekk føre seg fekk eg uforståande blikk, skuldertrekk og "Det er jo søndag!" til svar...

I dag var det litt handling, m.a. kjøpte eg meg hengekøye. Merrida skal vera den beste byen for slikt. I kveld dreg eg til San Cristóbal del Las Casas (nattbuss). Eg vert sikkert verande der i området ei stund.

Eg høyrte frå Kenneth i dag. Han og Lillian er no i Guatemala, medan han meinte å vita at Linda og Anne òg var på veg til San Cristóbal.

- gaute

Fortset til andre kapittel.